Now hiring

Faste helgestillinger @ SAUHERAD BYGDEHEIM

NO094, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På Sauherad Bygdeheim er me kollegaer som ønskjer å skape ein god arbeidskvardag for kvarandre – og gode dagar for bebuarane. Me jobbar med menneske i sårbare situasjonar, der dine handlingar er med på å utgjere ein forskjell, kvar einaste dag. Bygdeheimen held til på Gvarv, som gir deg landlege omgivelsar i Midt-Telemark kommune. Her har me 16 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 3 øyeblikkeleg hjelp-senger, og institusjonen er bemanna døgnet rundt. Jobben handlar om å sjå folk, byggje relasjonar og støtte kvarandre. Uansett om du er nyutdanna eller har vore i bransjen ei stund, får du jobbe tett med erfarne sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Kva du kan forvente: Ein arbeidsplass prega av stoltheit for arbeidet Moglegheit for fagleg utvikling Rom for humor og godt samhald mellom kollegaer Langvakter i helgene Eit team som stiller opp, uansett kva dagen bringer. Om du ynskjer ein jobb du kan vere stolt av, der du får bruke både hjarte og fagkunnskap – då er dette staden for deg. Arbeidsoppgåver Daglig pleie og omsorg av pasientar Dokumentasjon i profil Legemiddelhåndtering Tverrfagleg samarbeid med sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege Kvalifikasjonar Krav til kvalifikasjon/kompetanse Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B1 nivå) Ønska kompetanse Autorisasjon som helsefagarbeider er ønskjeleg Søkarar uten autorisasjon kan òg bli vurdert for tilsetting som pleiemedarbeidar Behersker data/iPad som verktøy, i tråd med dokumentasjonsplikta Me ønskjer deg som har erfaring frå arbeid innan helse, pleie og omsorg er interessert i å arbeide innan pleie- og omsorgstenester er ansvarsbevisst og kan arbeide sjølvstendig samarbeider godt med kollegaer, brukarar og pårørande bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode tenester ønskjer å bidra til at bebuarar og brukarar opplever tryggleik og meistring Særskilde krav Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er engasjert og positiv møter menneske med respekt, omsorg og tolmod er løysingsorientert tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig er open for læring og utvikling har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner har god munnleg og skriftleg framstillingsevne Personelge eingenskapar vektleggast Vi tilbyr E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk Gode forsikrings- og pensjonsordningar Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter. KontaktinformasjonTone Asborg Nilsen, Avdelingsleiar, +47 90840927 ArbeidsstadSkrivarvegen 2 3810 GVARV Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5174849746 Stillingsprosent: 44, 47, 24% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores