About this role
Er du nysgjerrig på arbeid i barnehage og lurer på om det kan bli ein karriereveg? Da skal du prøve deg som tilkallingsvikar! Barnehagen tilbyr eit stort fagmiljø, kor utviklinga av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. Arbeidsoppgåver Tilkallingsvikar skal møte ved fråver når faste tilsette er vekke, i kortare eller lengre vikariat. Det kan vere tilkalling same dag eller ved meir planlagt fråver. Tilkallingsvikar deltek aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med pedagogisk leiar og det øvrige personalet på avdelinga. Dette inneber å ivareta barna sine behov for omsorg og leik og å fremje læring og danning med utgangspunkt i det enkelte barnet og barnegruppa. Krav til søkar Tillkallingsvikar må vere fleksibel og tole eit aktivt og fysisk arbeid ute og inne i barnehagen Delta i leik, aktivitetar og læringssituasjonar saman med barna Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar, som god relasjonskompetanse, i møte med barn og foreldre Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid i barnehage, men ungdommar og andre som er nysgjerring på arbeid i barnehage er veklomne til å søke Må beherske godt norsk munnleg språk, ha gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid med kollegaer og foreldre Vi tilbyr Stort og godt fagmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff. Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning. Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk. Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding. Mangfald Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Kontaktperson Sissel Oliv Garseth, styrar/einingsleiar, tlf. 906 04 459. [email protected] Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Barnebo barnehage ligg på øya Gossen i Aukra kommune, 30 minutt med bil og ferje frå Molde. Barnehagen er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med to hus som ligg «tett-i-tett». Furutun har 4 avdelingar for barn under tre år og Aukratun har 5 avdelingar for barn over tre år. Aukratun er nybygget vi flytta inn i hausten 2021. Det er bygd i massivtre, med oppvarming frå jordvarme og solceller, og gode fasilitetar for både barn og tilsette. Utearealet gir barna høve til variert leik og aktivitet. Vi har to grillhytter på leikeplassen der vi kan trekke inn, samlast, varme oss og lage mat. Vi har storkjøkken med eigen kokk som lagar frukost kvar dag til alle og varm lunsj 2-3 gonger i veka til kvar avdeling. Vi har bær- og frukttre, plantekasser og drivhus og ønskjer å utvikle mat- og måltidsaktivitetar saman med kokken, slik at barna kan vere med å dyrke noko av maten vi et. Nærområdet til barnehagen byr på varierte turmål; «Hekseberget» ved vasstårnet, «Museskogen» som ligg rett ved Furutun, turstiar og gapahuk i Aukraskogen, Hallingshaughola, småbåthavna i Ragnalund, Gartnerfjøra og leikeplassane i Berglia og ved Aukrahallen. Sentrum er i gangavstand. Her besøkjer vi m.a. biblioteket, omsorgssenteret, skulen, og ikkje minst etter kvart det nye kulturhuset.