About this role
Vil du vere med og utvikle barnehage- og skulesektoren i Haram kommune? Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar i fagstab barnehage og skule. Stillinga rapporterer til kommunalsjef. Vi søkjer ein fagleg trygg og utviklingsorientert rådgjevar som vil bidra til kvalitetsutvikling, god saksbehandling og heilskapleg oppfølging av kommunen sitt skuleeigaransvar. Stillinga gir høve til å arbeide både strategisk og praksisnært, i tett samarbeid med kommunalsjef, skuleleiarar og andre samarbeidspartnarar. I stillinga som rådgjevar får du høve til å påverke utviklinga av barnehage- og skuleområdet i kommunen, gjennom varierte arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom fag, forvaltning og utvikling. Arbeidsoppgåver skulefagleg rådgjeving og støtte til kommunalsjef og skuleleiarar kvalitetsutvikling og oppfølging av kommunale satsingar innan barnehage- og skuleområdet, herunder deltaking i tverrfaglege prosjekt og utviklingsarbeid saksbehandling, utgreiing og utarbeiding av notat, rapportar og politiske saksframlegg behandling av saker og enkeltvedtak knytt til elevar i privatskulane, i tråd med gjeldande regelverk og delegerte fullmakter samarbeid med interne og eksterne aktørar, til dømes skular, bibliotek og andre kommunale tenester planlegge og leie skuleleiar og SFO-leiarmøter (i eit samarbeid med fleire) Arbeidsoppgåvene kan bli justerte i tråd med kommunen sine behov. Kvalifikasjonar Vi søkjer etter deg som har: relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad erfaring frå skule, oppvekstsektor eller anna relevant offentleg verksemd god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk god digital kompetanse Det er ein fordel med: relevant vidareutdanning, til dømes innan jus, spesialpedagogikk eller utviklingsarbeid erfaring med kvalitets- og utviklingsarbeid erfaring med offentleg saksbehandling kjennskap til relevante regelverk innan oppvekstområdet erfaring med arbeid på tvers av fagområde og tenester forståing for kommunen sitt ansvar som skuleeigar Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp saman med søknaden. Personlege eigenskapar Vi legg vekt på at du: arbeider strukturert og sjølvstendig har god rolleforståing og gjennomføringsevne samarbeider godt med andre, herunder at du evnar å skape tillit og relasjonar er analytisk og utviklingsorientert, og ser det "store bildet" kommuniserer klart og tydeleg kan handtere fleire oppgåver og prosessar samstundes Personleg eignaheit og gode referanser vil bli tillagt stor vekt. Testing kan bli aktuelt. Vi tilbyr ein fleksibel og variert kvardag ei spennande og meiningsfull stilling i eit viktig samfunnsområde løn etter avtale, og god pensjonordning KontaktinformasjonLill-Therese Eidsvik, Kommunalsjef, 41504764, [email protected] ArbeidsstadStrandgata 40 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5176051953 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 05.10.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.