Now hiring

Rådgiver @ NAV HJELPEMIDDELSENTRAL VESTLAND - BERGEN

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav bilsenter Vest-Norge har ledig eit vikariat i 60 % stilling som rådgjevar, med oppstart så snart som mogleg. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ynskjer å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag. Nav bilsenter Vest-Norge er lokalisert ved Nav hjelpemiddelsentral på Kokstad i Bergen. Her jobbar om lag 120 tilsette. Nav hjelpemiddelsentral har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve og døvblinde. Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Arbeidsoppgaver Oppgåver i stillinga vil vere rettleiing av brukarar, terapeutar og andre eksterne samarbeidspartnarar kartlegging av tekniske løysingar og spesialutstyr i bil samarbeid med bilombyggarar i regionen. utarbeiding av minikonkurransar knytt til ombygging av bil Hjelpemiddelområdet i Nav er i stadig endring, og det kan kome endringar i oppgåver og ansvarsområde. Kvalifikasjoner Du må ha fagbrev innan bilområdet teknisk kompetanse førarkort klasse B Vi ynskjer at du har erfaring frå offentleg verksemd erfaring knytt til tekniske løysingar god kommunikasjonskompetanse munnleg og på begge skriftspråk Personlige egenskaper Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Du må identifisere deg med Nav sin visjon og verdiar vere effektiv og meistre stort arbeidspress kunne jobbe målretta og sjølvstendi vere strukturert, serviceinnstilt og resultatfokusert ha vilje og evne til samarbeid Vi tilbyr Om du blir tilsett hos oss, får du spennande, utfordrande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag aktive og engasjerte kollegaer fleksitidsordning moglegheit for å trene i arbeidstida moglegheit for hybrid arbeidskvardag jobbe i trivelege lokale på Kokstad god pensjonsordning i Statens pensjonskasse stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 600.000,- til kr 643.000,- Kontaktperson Øivind Vabø, avdelingsleiar, tlf. 93 01 52 92, e-post [email protected]. KontaktinformasjonØivind Vabø, Avdelingsleiar, 93015292, [email protected] ArbeidsstedKokstaddalen 35 5257 Kokstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5179544064 Stillingsprosent: 60% Vikariat Søknadsfrist: 27.09.2026 Om arbeidsgiveren: Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit. Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. NAVstilling

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores