About this role
Stillingstype Det er ledig 80 % ekstraressurs stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Helland barnehage, andre vert også vurdert. Mulig tiltreding før 19. okt. etter avtale. Arbeidsoppgåver Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som: - medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet - medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet - medansvar for utviklingsarbeid - foreldresamarbeid - vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale - vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging Kvalifikasjonar - fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget - beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne Personlege eigenskapar - er aktiv og engasjert - har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling - har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn - er eit godt språkleg førebilde - er fleksibel - er stabil og ansvarsbevisst - har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring - har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn i høve gjeldande avtaleverk - løn i høve gjeldande avtaleverk - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid - pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Referansar Oppgi referansar. Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Helland barnehage er sentralt plassert i sentrum av Vestnes kommune med kort avstand til t.d. bibliotek og idrettsanlegg, samtidig som vi har kort avstand til naturen. Barnehagen har i dag 8 avdelingar med 4 småbarn og 4 storbarnsavdelingar. Vi har ein stor styrke i eit godt fagleg miljø i barnehagen med pedagogar og fagarbeidarar.