Now hiring

Helsesekretær/sekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF POLIKLINIKK KRISTIANSUND BUP

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig fast stilling som helsesekretær. Dei tilsette i merkantilfunksjonen er ansiktet vårt utad, og er hjartet i arbeidsflyten på seksjonen vår. Vi har engasjerte og profesjonelle medarbeidarar som gir god service til pasientane, samarbeidspartnerane og våre eigne tilsette. Helse Møre og Romsdal HF har eit poliklinisk spesialisthelsetjenestetilbod innan psykisk helsevern for barn og ungdom, lokalisert i Kristiansund (BUP Kristiansund). Vi har fire sekretærstillingar og 25 behandlarar, med bakgrunn som psykologar, legar, pedagogar og sosialfaglege. Vi tek imot pasientar frå fem kommuner på Nordmøre. Det kan verte behov for eit vikariat i seksjonen. Arbeidsoppgåver Resepsjonsarbeid med mottak av pasientar, samt telefonservice Pasientrelaterte arbeidsoppgåver i Helseplattformen Ta del i utviklinga av seksjonen sine interne rutiner Skåring av kartleggingsverkty Følge opp pasientventelister Rydding i rapportar, skanning av dokument osv Registrere personaldata Anna praktisk arbeid i poliklinikken Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsesekretær eller relevant erfaring som sekretær Det er en fordel å ha erfaring frå arbeid som sekretær innan spesialithelsetenesta og i BUP Ha kunnskap og erfaring med Helseplattformen God generell kunnskap og erfaring med data Personlege eigenskapar Du er er god på yte kundeservice Du har gode samarbeidsevner, tar ansvar og er initiativrik Du har evne til å handtere fleire oppgåver samtidig Du er nøyaktig, fleksibel og effektiv Å vere personleg vert vektlagd ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her. KontaktinformasjonToril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, [email protected] ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5176163900 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores