Now hiring

Sjukepleiar/Vernepleiar/ Barnevernspedagog/Sosionom @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF UNGDOMPSYKIATRISK SENGEPOST DØGNSEKSJON ÅLESUND BUP

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli vår nye kollega? Vi søkar deg som har lyst til å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit sterkt fagmiljø. Hjå oss får du spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Er du motivert for å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar? Trivast du i ein kvardag som kan vere både hektisk og variert, der du får jobbe tverrfagleg saman med dyktige kollega – og der god pasientbehandling alltid står i sentrum? Då er du den vi ser etter. Då er er du velkomen til å søke! Vi har ledig følgjande stillingar med p.t turnus dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. Ved eventuell intern rokering kan anna stillingsprosent og stillingstype verte ledig. Oppgi gjerne i søknaden kva stilling som er aktuell for deg. 80% fast stilling frå 14.09.26 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar 50% vikariat frå 16.11.2026 - 11.10.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar 66% vikariat frå 05.10.2026 - 11.05.2027 for sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar/psykiatrisk vernepleiar, p.t natt-turnus og arbeid kvar tredje helg. 100% vikariat frå snarast - 29.06.2027 for barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar, eventuelt med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus. Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Eininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for augeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Eininga gir eit tilbod for barn og ungdom i heile Møre og Romsdal fylke. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med ulike psykiske lidingar og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Vi er godkjent for tvungen psykisk helsehjelp. Behandlinga vert individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er grunnpilaren i tilbodet vårt. Vi legg stor vekt på samarbeid med foreldre og/eller andre pårørande, og det er ei forventing at dei er tilstades og deltek under innlegginga. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter. Arbeidsoppgåver Miljøterapi Delta i mini-team og følgje opp avtalt behandlingsopplegg for pasient Mottak og utskriving av pasientar Samhandling med andre seksjonar Medverke til fagutvikling Praktiske oppgåver i eininga Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. For vikariat i 100% stilling, utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller sosionom Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid kan bli vektlagd Beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, og særleg innan psykisk helsevern og/eller miljøterapi Personlege eigenskapar Du trivast med å jobbe i tett samarbeid med både kollega, pasientar og pårørande, samtidig som du kan vere sjølvstendig Du har arbeidshelse til å handtere ein tidvis hektisk og krevande kvardag Du er oppteken av frivillegheit og brukarmedverknad Du er inkluderande og raus med dine kollega, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er punktleg og påliteleg Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Hjå oss får du jobbe i ei eining der faget står i fokus. Arbeidskvardagane er varierte, både med tanke på belastning og arbeidsoppgåver. Kollegane dine har ulik fagbakgrunn, erfaring og alder. Vi utfyller kvarandre på ein god måte til det beste for pasientane våre Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland he r. KontaktinformasjonBeate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadGeilebergvegen 18 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5171304403 Stillingsprosent: 80, 50, 66, 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 14.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores