About this role
I Bu- og aktivitetstenesta gir vi tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet. Vi har ledig faste stillingar på helg, og det kan bli behov for tilsetting i kortvarige engasjement og når det blir ledig vikariat. Vi ønskjer oss helsefagarbeidarar og assistentar som søkarar. Stillingane passar godt for studentar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning. Ut frå brukarbehova har vi behov for å tilsette menn i nokre stillingar og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B. Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du: opplæring og veiledning kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn gode pensjons- og forsikringsordningar studentavlønning jf. reglane i personalplanen trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om helsehjelp, praktisk bistand og opplæring til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Vi gjev også tilbod om avlasting i avlastingsbustad for familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. Vi har ulike formar for aktivitetstilbod og arbeid til brukergruppa ved Sommerrotunet aktivitetshus. Mange som mottek tenester fra oss har behov for tilsyn og bistand hele døgnet. Boligane er litt spredd i sentrum og vi har også tenester i boligar som ikkje er tilknytt fellesbustadane. Når det kjem til fellesbustadane så bur nokre i leilegheiter de eig sjølv, medan andre leier kommunale bolig i borettslaget.