About this role
Luster kommune søkjer engasjert og tydeleg leiar til Grandmo miljøteneste . Har du lyst til å kombinere leiarskap med eit viktig samfunnsoppdrag? Da kan dette vere stillinga for deg. Grandmo miljøteneste yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane bur i bustadar knytt til Grandmo, i eigne bustadar – eller i andre kommunale husvære. Grandmo har dei siste åra fått fleire brukarar, og har blitt ei stor eining med om lag 64 årsverk. Tenesta er organisert i to team og ulike tiltak. Me søkjer no fagleiar i 100% stilling til eitt av teama. Stillinga er eit vikariat, men det er moglegheiter for fast tilsetjing. Hovudoppgåver Fagleg oppfølging og fagutvikling Planlegging, gjennomføring og evaluering av dagleg drift Samarbeid med brukarar, pårørande, tilsette og andre instansar Bidra til gode tenester og godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Offentleg godkjent vernepleiar eller anna relevant utdanning på høgskulenivå Leiarerfaring er ønskjeleg Relevant praksis God munnleg og skriftleg kommunikasjon Gode digitale ferdigheiter Det vert stilt krav om politiattest Personlege eigenskapar Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter deg som er: Samarbeids- og løysingsorientert Strukturert og sjølvstendig Ansvarsbevisst og tydeleg Profesjonell i møte med samarbeidspartnarar og medarbeidarar Me kan tilby Arbeid i ein veldrive kommune med gode og sikre rammevilkår Arbeid i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag Varierte, utfordrande og meiningsfulle oppgåver Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse Gode moglegheiter for fagleg utvikling Gode- og sikre kommunale vilkår med fleksibel arbeidstid Løn etter gjeldane tariffavtale Andre opplysningar Administrasjonsmålet i Luster kommune er nynorsk I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg. Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd. Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575