Now hiring

Kjøkkenassistent ved Valldal sjukeheim – sentralkjøkkenet i Fjord kommune @ VALLDAL SJUKEHEIM

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for innbyggjarane våre? Ved sentralkjøkkenet på Valldal sjukeheim har vi ledig stilling som kjøkkenassistent. Sentralkjøkkenet produserer og leverer mat til bebuarar på sjukeheimen, heimebuande brukarar og andre kommunale tenester. Vi søkjer ein positiv og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere ein del av eit viktig fagmiljø. Som kjøkkenassistent ved sentralkjøkkenet vil du vere med på den daglege drifta av kjøkkenet og bidra til produksjon, servering og distribusjon av trygg og næringsrik mat. Du arbeider tett saman med kokkar og andre tilsette i kjøkkenet for å sikre god kvalitet og hyggelege måltidsopplevingar for brukarane våre. Stillingsprosenten innebærer arbeid to helger i løpet av seks veker. Arbeidsoppgåver Hjelpe til med matproduksjon og førebuing av måltid Porsjonering, pakking og utlevering av mat Oppvask og reinhald av kjøkken, utstyr og lokale Mottak og handtering av varer Delta i arbeidet med å sikre gode rutinar innan hygiene og mattryggleik Bidra til orden og struktur i den daglege drifta Andre førefallande oppgåver ved kjøkkenet Kvalifikasjonar Erfaring frå kjøkken, institusjonskjøkken eller næringsmiddelproduksjon er ønskjeleg Kunnskap om hygiene og mattryggleik er ein fordel God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg Grunnleggjande digitale ferdigheiter Interesse for mat og service Personar utan formell utdanning, men med relevant erfaring og interesse for arbeidsområdet, vert oppmoda om å søkje. Personlege eigenskapar Du er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt Du arbeider strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver Du trivst med samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og kan handtere varierte arbeidsoppgåver Du har god arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Ei meiningsfull stilling med viktige arbeidsoppgåver Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer God opplæring og rettleiing Varierte arbeidsdagar Løn etter gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Velkomen som søkjar til Fjord kommune! KontaktinformasjonLene Krohn, Kjøkkensjef, 41867980 Cathrine langhaug berli, Einingsleiar, 41867972 ArbeidsstadOlavsgata 10 6210 VALLDAL Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune Referansenr.: 5173502149 Stillingsprosent: 17% Fast Søknadsfrist: 27.09.2026 Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores