About this role
Om stillinga Me har ledig faste helgestillingar på Såta bu- og servicesenter. Arbeidet er i snitt kvar 3 helg. Såta bu- og servicesenter I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane vi allerede har for personar med demenssjukdom. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Arbeidsoppgåver Gi pleie og omsorg til pasientane på sjukeheimen Tilberede måltid Bistå med mat og aktiviteter Kven er du? Gode digitale ferdigheiter Interesse for helsefag Påbegynt skole eller studie med helsefag er en fordel Du trivst med å arbeide med menneske og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. Vi søkjer etter deg som er nysgjerrig og har lyst å lære. Du er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du bidrar til godt arbeidsmiljø, har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr Spennande arbeid Årsturnus Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av ulike sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Knarvik Sjukeheim avdeling Helsehuset, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ca 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.