About this role
Om stillinga Modalen kommune søkjer ein allsidig og praktisk orientert vaktmeister i 100% fast stilling. Me ynskjer ein medarbeidar som vil vere med å sikre god drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og tekniske tenester. Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald og tilsyn med kommunen sine eigedomar og tekniske anlegg. Det vil vere ein fordel om søkjar har bakgrunn eller erfaring innan vatn og avlaup. Den som vert tilsett må rekne med å delta i kommunen si vaktordning, døgnvakt, og i kommunal brøyting i vintersesongen. Det kan også verte aktuelt med opplæring og kurs knytt til arbeidsområdet. Arbeidsoppgåver Drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar Tilsyn med tekniske anlegg Oppfølging av vatn og avlaupsanlegg Deltaking i vaktordning Deltaking i kommunal brøyting og vinterdrift Andre oppgåver innan driftsavdelinga ved behov Kvalifikasjonskrav Fagbrev innan relevante fag er ynskjeleg Relevant praksis kan vege opp for formell utdanning Det er ein fordel med erfaring eller kompetanse innan vatn og avlaup Førarkort klasse B er krav Det er ynskjeleg med førarkort for maskin eller tyngre køyretøy, men ikkje eit krav Våre ynskje om deg Arbeider sjølvstendig og strukturert Er løysingsorientert og praktisk Har gode samarbeidsevne Er påliteleleg og fleksibel Me tilbyr Ei variert og viktig stilling i ein liten kommune Gode moglegheiter for fagleg utvikling Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Deltaking i offentleg tenestepensjonsordning Spørsmål om stillinga Tone Selmer Skuggevik Teknisk sjef Telefon: +4792043233 E-post: [email protected] Om arbeidsgiveren: Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft. I september 2021 segla Modalen heilt til topps som Noregs mest opne kommune! Dersom dykk er 2 eller fleire som vurderer Modalen som arbeidsplass, ta gjerne kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS på www.unimicro.no for evt. ledige stillingar.