Now hiring

Miljøveileder/miljøarbeider @ BRYNE UNGDOMSSKULE

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 330 elevar og 55 tilsette. Me har 4 parallellar på 8. og 9. trinn, og 5 på 10. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Arbeidsoppgåver Gi støtte, motivere og følge opp enkeltelevar og elevgrupper Samarbeide med miljøteamet, inkluderingspedagog, lærarar, elevar og føresette Delta aktivt i det profesjonsfaglege arbeidet og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar Fullført utdanning som barne- og undomsarbeidar. Bachelor i helse/sosialt arbeid, t.d vernepleiar, barneverspedagog eller sosionom er også aktuelt. Det er ønskeleg med kompetanse på og erfaring med alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK), og gjerne tegn til tale Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg Har god digital kompetanse Det er krav om politiattest til stillinga Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar Du må vera glad i og like å vera i lag med ungdom Du må vera ein varm, trygg og tydeleg vaksen Du må vera oppteken av at alle skal oppleva meistring og framgang både fagleg og sosialt Du må ha god relasjonskompetanse Du må ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Du må kunne stå trygt i utfordrande situasjonar Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar i ein kvardag prega av høgt tempo Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter Personlege eigenskapar og erfaring vil verta særleg vektlagt i tilsettinga. Me tilbyr Offentleg tenestepensjonsordning, KLP Løn etter tariff Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald Flotte elevar KontaktinformasjonIselin Gjære Lothe, Rektor, 91573539, [email protected] ArbeidsstadSveinsvollsvegen 5 4340 Bryne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5181873875 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 12.10.2026 Sluttdato: 01.06.2027 Søknadsfrist: 01.10.2026 Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores