Now hiring

Helsesjukepleiar- 60 % stilling @ ØRSTA KOMMUNE HELSESTASJON

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ørsta helsestasjon har frå 01.01.2027 ledig 60 % stilling for helsesjukepleiar. Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering og barnevern. Helsestasjonen har 11,85 årsverk fordelt på 17 tilsette. På helsestasjonen arbeidar helsesjukepleiarar, helsestasjonslege, jordmor, kommunepsykolog og merkantil. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge. Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram og helsekontroll av flyktningar. Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet. Arbeidsoppgåver Arbeide i skulehelseteneste og/eller helsestasjonsarbeid med barn 0-5 år Utføre konsultasjonar individuelt og i gruppe, i tråd med nasjonale retningslinjer Samtalar, undervisning og veiledning - individuelt, i grupper, til skuleklasser eller føresette Smittevern og vaksinasjonar Helsekontrollar til flyktningar Aktiv deltagelse og utvikling av tenesta Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga Kvalifikasjonar Off. godkjent helsesjukepleiar. Andre med helsefagleg eller sosialfagleg bachelorutdanning kan også søke og bli vurdert dersom helsesjukepleiarar ikkje søker Erfaring frå arbeid med barn og unge Erfaring og kompetanse innan psykisk helse kan være ein fordel Du må ha førarkort klasse B, og disponere eigen bil i teneste Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing Personlege eigenskapar Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team Interesse for arbeid med barn og unge, tenkje heilskapleg Ha evne til å ta initiativ og tenkje nytt Ha evne til å skape tillit, relasjonar og stå i krevjande saker Evne til å strukturere eigen arbeidskvardag Digital kompetanse Vere bidragande til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vert tillagt stor vekt Vi tilbyr Godt fagmiljø og dyktige kollegaer Veiledning i gruppe Ein helsestasjon i utvikling Inkluderande og ivaretakande arbeidsmiljø Moglegheit for fagleg og personleg utvikling Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning Gode forsikrings- og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon . Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 4-årig høgskuleutdanning Stillingskode 6185 helsesjukepleiar Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14. Dokumentasjon Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonCamilla Nupen, avdelingsleiar, 900 75 316, [email protected] ArbeidsstadDalevegen 24 6153 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5180351703 Stillingsprosent: 60% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen. Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar: Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap Heiltidskultur og inkludering Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores