Now hiring

Helgestilling i Heimetenesta @ TIME KOMMUNE HELSE OG VELFERD ADMINISTRASJON

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i heimetenesta, avdeling nord. For tida har me ledig to faste helgestillingar på 13%. Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter, ved Stemmen badeplass. Kvernaland omsorgssenter har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester i brukaren sin heim. Me treng også ringevikarar som kan ta vakter ved behov Arbeidsoppgåver - pleie og omsorgsoppgåver til brukarar - dokumentasjon etter lov og forskrift - samarbeid med brukarar og kollegaer - 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg Opplæring vert gitt Kvalifikasjonar - offentleg godkjenning som helsefagarbeidar - sjuke-/vernepleiarstudentar - studentar og elevar med anna relevant bakgrunn - erfaring frå heimeteneste vert vektlagd - Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. - Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i Heimetenesta. - Det er krav om politiattest. Personlege eigenskapar - Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag, og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring. - Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst. - Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. - Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø. - Personlege eigenskapar vert vektlagde. Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver - ein arbeidsplass som har høgt fokus på fagleg utvikling - lønn etter tariff -eigne studentavlønningar som sjukepleiar/vernepleiar KontaktinformasjonMaria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, 98864805, [email protected] ArbeidsstadGamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5181063979 Stillingsprosent: 13% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores