About this role
Ledig frå 01.01.27 52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt. Om stillinga Stillinga er delt mellom: 52 % interkommunal jordmorvakt , der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande. 48 % kommunal svangerskapsomsorg , med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter. Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Arbeidsoppgåver Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte Ammekyndig oppfølging og barselarbeid Foreldre- førebuande kurs Heimebesøk og oppfølging etter fødsel Dokumentasjon i fagsystem Infodoc Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som jordmor Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Førarkort klasse B Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Er fagleg trygg og sjølvstendig Har gode samarbeidsevner Er fleksibel og løysingsorientert Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering Vi tilbyr Ei meiningsfull og utfordrande stilling Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag Dyktige og engasjerte kollegaer Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding. Om arbeidsgiveren: Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.