Now hiring

Undervisningsinspektør @ FLORØ UNGDOMSSKULE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker etter undervisningsinspektør i 100% stilling. Florø ungdomsskule har 400 elevar i 15 klassar og 78 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering, og for Individuelt tilrettelagt opplæring. Det vert lagt vekt på kontinuerlig profesjonsutvikling og felles utviklingsprosjekt, for tida "Tid for lesing". Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeidar vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar som engasjerar og inkluderar. Skulen har eit eige skulemiljøteam. Vi søkjer etter ein engasjert undervisningsinspektør med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse. Arbeidsoppgåver Som undervisningsinspektør: er du pedagogisk leiar for læringsmiljøet på trinn, med oppgåver knytt til fagleiing, personal, kartlegging og rapportering. får du tildelt særskild leiaransvar for Individuelt Tilrettelagt Opplæring (ITO) og Særskilt språkopplæring. vil du være sentral i arbeidet med læringsmiljø, fagutvikling og profesjonskultur.vil du være deltakar i skulens leiarteam. vil du kunne få systemansvar på digitale fagsystem, vere med å forvalte vikarordning mm bidreg du i kommunens nettverk for leiarar i oppvekstsektoren. har du klare tankar om pedagogisk leiing og korleis du vil bidra til at slike tankar vert omsett til praksis. vil du kunne fronte eit ressursperspektiv på menneske og tillitsbasert læringsleiing. har du eit engasjement og interesse for tverrfagleg arbeid for barn og unge. bidreg du til optimal ressursbruk og bærekraftig økonomistyring Det kan bli lagt inntil 50% undervisning til stillinga. Den som blir tilsett må ha undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrav på ungdomstrinnet. Kvalifikasjonar Ønskjelege kvalifikasjonar: lærarutdanning/ leiarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå leiarerfaring erfaring fra grunnskule, helst ungdomstrinn erfaring med sakshandsaming kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming, spesielt knytt til Opplæringslova kapittel 11. kjennskap til relevante fagsystem relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing Personlege eigenskapar Evne til profesjonsetisk refleksjon Initiativrik Stor arbeidskapasitet Gode samarbeidsevner Personleg skikkaheit Vi tilbyr Gode løns-og pensjonsvilkår Tilgang til god kompetanseutvikling Eit spanande og dynamisk kollegium! KontaktinformasjonJan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, 91586981 Kari Vårdal, Rektor Florø ungdomsskule, +47 97089809 ArbeidsstadHavrenesvegen 4 6905 Florø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5180697592 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.10.2027 Søknadsfrist: 29.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores