Now hiring

Kyrkjelydspedagog 2. gongs utlysing @ SULDAL KYRKJELEGE FELLESRÅD

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Suldal kyrkjelege fellesråd lyser ut etter ny KYRKJELYDSPEDAGOG. Stillinga er 80%, men det kan vere mogleg at den blir utvida med andre oppgåver. I fellesrådsområdet (Suldal kommune) er det 4 sokn, 4 kyrkjer og to kapell. Kyrkjekontoret ligg i kommunesenteret, Sand, og i staben er det to sokneprestar, diakon, kyrkjelydspedagog, organist og kyrkjeverje. Suldal kommune ligg nordaust i Rogaland, og det bur i underkant av 4000 personar i kommunen. Vakker og variert natur som strekkjer seg frå fjord til høgfjell gir gode forhold for friluftsliv heile året. Det er godt barnehage-, skule- og kulturtilbod i kommunen Arbeidsoppgåver Planlegge, administrere og gjennomføre tiltak i tråd med vedtekne planar - åleine, i samarbeid med andre tilsette og saman med frivillige medarbeidarar. Stillinga har hovudvekt på tiltaka frå 0-12 år, men bidrar óg i tiltak inn mot andre aldersgrupper. Medverknad ved gudstenester (omlag 1 gudsteneste pr månad) i tilknytning til undervisningsarbeidet Rekruttere og ivareta frivillige medarbidarar Ein del kvelds- og helgearbeid må påreknast Nokre administrative oppgåver Kvalifikasjonar Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket, evt. anna pedagogisk (lærar eller barnehagelærar). Dersom det ikkje er søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning bli vurderte Personlege eigenskapar Har erfaring med kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid vil vere ein fordel Kan arbeide sjølvstendig og i team, har gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar Har engasjement for kyrkjeleg undervisning og trusformidling Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med born og unge Er strukturert og fleksibel Har førarkort og disponerer bil Beherskar norsk skriftleg og munnleg. Språkforma er nynorsk. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Særskilde krav Medlemsskap i Den norske kyrkja Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med kyrkja sitt trusgrunnlag og mål Politiattest jfr. Trossamfunnsloven §20 Me tilbyr Ein sjølvstendig og variert jobb med born og unge Fleksibel arbeidstid Varierte og meiningsfulle oppgåver Eit raust og fint arbeidsfellesskap på kyrkjekontoret (saman med to prestar, kyrkjeverje, diakon og kyrkjemusikar) Pensjonsordning i KLP Løn etter KA sitt regulativ KontaktinformasjonHilde Jorunn Arnø Vetrhus, kyrkjeverje, 41213033 ArbeidsstedSandsvegen 134 4230 SAND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Suldal kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5182842023 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 13.10.2026 Om arbeidsgiveren:

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores