Now hiring

Ambulansearbeider/Paramedisiner @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SEKSJON AURE/SMØLA

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig fast stilling for Ambulansearbeidar/Paramedisiner! Seksjon Smøla/Aure ambulanse er ein del av Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF, som organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket med ambulanse, båt-, luftambulanse og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. Vi er ein seksjon med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer, som alltid har fokus på best mogleg pasientbehandling. Dersom du søker utfordringar og ynskjer å vere del av eit profesjonelt team, vil vi gjerne ha deg med! Vi har gode turnusordninger både ved Smøla og Aure ambulansestasjon. Ved intern omrokkering kan anna stilling verte ledig. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar. Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester! Arbeidsoppgåver Utføre ambulanse- og redningsoppdrag Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK Samarbeide i team og samarbeidsetatar Delta på undervisning og sertifiseringar Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket Kvalifikasjonar Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160) Førarkort klasse C1 Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering Personlege eigenskapar Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig Gode datakunnskapar og evne til samarbeid God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer. KontaktinformasjonPer Johan Viggen, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadStornesveien 24 6570 Smøla Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5180572506 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores