About this role
Om stillinga Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert familierettleiar til NAV Alver! Stillinga er ein del av avdeling Service og Velferd i NAV Alver. Målet med arbeidet som familierettleiar er økonomisk sjølvstende og betre livssituasjon for heile familien. I denne stillinga jobbar du tett saman med andre og samordnar innsatsen rundt familien. Gjennom arbeidet får du vere med og styrkje familiar si moglegheit til meistring, deltaking og tryggleik i kvardagen. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å gjere ein konkret forskjell – både for den enkelte familien og for samfunnet rundt oss. Om oss NAV Alver er ein arbeidsplass med om lag 75 tilsette, og vi er ein del av region Nordhordland. Vi er ein viktig bidragsytar til å jamne ut sosiale forskjellar. NAV sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og aktivitet. Hos oss blir du del av eit fagmiljø som arbeider tett på menneske sine kvardagsliv og moglegheiter. Vi er opptekne av samarbeid, utvikling og av å finne gode løysingar saman med familiane vi møter. Arbeidsoppgåver Oppfølging mot arbeid og i arbeid, med mål om å styrkje moglegheitene for deltaking i arbeidslivet Råd og rettleiing på korleis sikre stabil inntekt og økonomisk tryggleik for familien Råd og rettleiing om familieøkonomi, mellom anna for å skape oversikt og finne gode løysingar i kvardagen Råd og rettleiing om bustad og bustadsosiale spørsmål Støtte i samarbeid med bustadkontor, helsetenester, skule, frivillig arbeid og anna støtte familien har bruk for Heimebesøk som ein del av oppfølginga og samarbeidet med familien Kontakt med aktuelle fritidstilbod for barna, med mål om deltaking og inkludering Vakter i møtesenteret ved NAV Alver Det må påreknast at andre relevante arbeidsoppgåver kan verte lagde til stillinga ut frå behovet i tenesta. Kvalifikasjonskrav 3-årig høgskuleutdanning innan helse-, sosial- eller samfunnsfag Vidareutdanning innan rettleiing eller familierettleiing på minimum 60 studiepoeng. Anna relevant vidareutdanning kan kompensere for utdanningskravet. Gode datakunnskapar og evne til å ta i bruk digitale arbeidsverktøy Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Det er viktig at du har god forståelse av ein kommune, komplekse organisajoner samt interesse for arbeidslivet i regionen. Kven er du? Du er ein påliteleg samarbeidspart som byggjer gode relasjonar og tek ansvar for framdrift i arbeidet. Du har engasjement for familiane du møter, og evne til å kombinere empati med tydelege rammer og god grensesetjing. Du tek initiativ, tileignar deg ny kunnskap og trivst i eit arbeidsmiljø der samarbeid og utvikling står sentralt. Personleg eignaheit og motivasjon for stillinga vil verte vektlagt. Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein konkret forskjell i livet til mange familiar! Tett oppfølging og rettleiing Tilsetjing i HTA kapittel 4, med løn etter kompetanse og ansiennitet: Stilling med krav om 4-årig universitets-/høgskuleutdanning: kr 586 400–673 200 Stilling med krav om 5-årig universitets-/høgskuleutdanning: kr 624 700–735 300. Kandidatar med relevant utdanning på masternivå kan verte vurderte for ei slik plassering. God pensjonsordning i KLP Gratis parkering Fleksitid Treningstid i arbeidstid Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Om arbeidsgiveren: Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.