Now hiring

Jordmor @ Helse Bergen HF, Voss sjukehus

VossOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ynskjer du jobb som jordmor på vakre VossVi har ledig ein 100% stilling og kan tilby langvakter og/eller pendlarvennleg turnus for dei som ynskjer det. For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som jordmor. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.Om avdelingaFøde- og barselavdelinga har 6 barselsenger fordelt på 6 rom. Fødselstalet ligg rundt 400 pr. år. Vi legg vekt på tryggleik, nærleik og ro i fødselsforløpet, slik at fødselen kan gå føre seg så naturleg som mogleg. Smertelindring gjev vi etter ynskje og behov. Vi har akuttberedskap med tilgjengelig gynekolog og operasjonsteam gjennom heile døgnet. Våre fødande er tilvist oss etter seleksjonskriterier vi har i samarbeid med Kvinneklinikken i Bergen. Om VossVoss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores