About this role
Vil du vere med å planlegge Skyss sitt kollektivtilbod? Kvart år er det omlag 100 millionar påstigingar på buss, båt og bybane i Vestland. I rushtida er meir enn 1000 bussar i sving for å frakte folk til og frå arbeid og skule, og vi kjøper transporttenester for nær seks milliardar kroner i året. Arbeidet vårt med planlegging av kollektivtrafikken påverker kvardagen til mange, og vi har stor respekt for oppgåva. No treng vi fleire med på laget!Kollektivtilbodet skal vere eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit samanhengande kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Det planlagde rutetilbodet med tilhøyrande data er informasjonsgrunnlaget for all informasjon til kunden, og for bestillinga til dei som køyrer for oss. Data om rutetilbodet er også eit stadig viktigare grunnlag for å utvikle nye mobilitetstenester.Vi treng no ein ny rådgjevar til detaljplanlegging av rutetilbodet, kontinuerleg marknadstilpassing og forbetring av metode og arbeidsprosessar.