About this role
Nav Bergen Sentrum søkjer engasjerte tilsette til sakshandsaming på fagområdet arbeidsavklaringspengar. Du blir ein del av ei avdeling med 15 tilsette, der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandssaming av søknader om arbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvatnet, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hjå oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.