About this role
Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar i 70 % fast stilling frå 1. januar 2027 til Frivilligsentralen. Stillinga vert lyst ut fordi vår daglege leiar går av med pensjon etter mange år i tenesta.Vil du vere ein pådrivar for fellesskap og frivillig engasjement? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi ser etter ein person som ønskjer å skape møteplassar, inspirere andre til å bidra og utvikle aktivitetar for menneske i alle aldrar. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stort handlingsrom og gode moglegheiter til å setje ditt preg på arbeidet.Frivilligsentralen er ein open møteplass for alle innbyggjarar og ein viktig samarbeidspartnar for lag, foreiningar, frivillige og kommunen. Gjennom samarbeid, samskaping og frivillig innsats bidreg sentralen til fellesskap, aktivitet og inkludering i lokalsamfunnet. Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig engasjement og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.Øystre Slidre Frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune og organisert under kulturavdelinga, der tenesteleiar for kultur er næraste leiar. Verksemda skal drivast i samsvar med forskrift om tilskot til frivilligsentralar og sentralen sine eigne vedtekter.Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for eit levande og inkluderande lokalsamfunn. Du vil vidareutvikle sentralen sitt arbeid i tett samarbeid med frivillige, organisasjonar, kommunen og andre samarbeidspartnarar.Dagleg leiar arbeider saman med ein medarbeidar i 30 % stilling og med Samhandingsrådet for Frivilligsentralen. Frivilligsentralen disponerer eigne lokale og har tilgang til kommunen sine kulturbygg og arenaer for aktivitetar og tilbod. Sentralen driv også eigen utstyrssentral med utlån av aktivitetsutstyr, og ei bruktbu med sal av brukte klede og utstyr.