About this role
Vil du bidra til tryggleik og sikkerheit ved Hordaland tingrett?Hordaland tingrett har ledig stilling som sikkerheitsbetjent frå 1.12.26 eller etter avtale. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, observant og trygg i møte med menneske. Som sikkerheitsbetjent vil du vere ein viktig del av tryggleiksarbeidet ved tingretten og bidra til at rettsmøte og dagleg drift kan gjennomførast på ein sikker og profesjonell måte. Stillinga er underlagt sikkerheitssjefen og inngår som ein del av tingretten sitt arbeid med tryggleik, beredskap og sikring av tilsette, publikum og brukarar av domstolen.