About this role
Som ernæringsskokk på institusjon vil du stå for det daglege arbeidet i kjøkkenet, du vil vere med å produsere store mengder mat kvar dag, med vanleg kost og spesialkost. Det er stor vekt på og krav om god hygiene frå start til ferdig produkt. Som ernæringskokk vil du vere med på å skape mattrivsel og positive opplevingar i kvardagen hjå brukarane i Fyresdal.Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar, samt 1 ØHD-plass. Hos oss skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Kjøkkenet som høyrer til på POS har som målsetting å lage mest mogleg heimelaga mat og tilpasse kosten til brukarens behov. Vi lagar også mat til heimebuande eldre. Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget.