Now hiring

Intensivsjukepleiar/ Sjukepleiar med overvakingskompetanse. @ Helse Bergen HF, Voss sjukehus

VossevangenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

STILLINGA:Intensivavdelinga ved Voss Sjukehus søker deg som er Intensivsjukepleiar eller er sjukepleiar med erfaring frå overvakingspasientar. Vi kan tilby allsidige og faglege utfordrande arbeidsoppgåver saman med gode arbeidskollegaer. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat til 10.01.2027 med gode moglegheiter for forlenging eller fast tilsetjing.AVDELINGA:Intensivavdelinga er ein tverrfagleg spennande arbeidsplass som kombinerer ØH og elektiv drift, og består av 14 intensiv- og overvakingssenger. Vi behandlar pasientar med organsvikt innan indremedisin, kirurgi og traume, og gir både invasiv og noninvasiv respirasjonstøtte. Dei mest kompliserte intensivpasientane blir stabilisert før transport til Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga fungerer som pre - og postoperativ oppvakingspost for elektive og ØH pasientar, og har ansvar for drift av dagkirurgiske forløp. Avdelinga bidrar inn i traumemottak samt med kollegastøtte på sengepostane. Vi har og telemetriovervaking for sengepostane. Personalgruppa har ein fin aldersmessig variasjon, og består av både kvinner og menn med hovudvekt av intensivsjukepleiarar. Vi har fokus på godt miljø både på jobb og utanfor arbeidstid.VOSS SJUKEHUS:Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Vi er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har om lag 400 tilsette og gjev tenester til rundt 30 000 innbyggjarar – i tillegg til pasientar frå Bergen, Sogn og Hardanger. Her får du vere del av eit oversiktleg sjukehus der du verkeleg kan utgjere ein forskjell! Sjukehuset har mellom anna eigen sjukehusrevy, deltek i idrettsarrangement for bedrifter samt skipar til årlege samankomster på tvers av heile sjukehuset. VOSS - bygd for sterke opplevingar:Voss byr på eit unikt høve til å kombinere eit aktivt arbeidsliv med nærleik til storslått natur og eit rikt kulturliv. Her finn du både kvardagsro og store opplevingar – året rundt. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores