About this role
Vil du vere med og leie framtidas helse- og omsorgstenester i Fyresdal?Fyresdal kommune søker ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar til heimesjukepleia. Vi ser etter deg som trivst med leiing, skaper struktur i ein variert kvardag og ønskjer å utvikle gode tenester saman med medarbeidarane.Som avdelingsleiar har du ansvar for den daglege drifta og for fag, personale og økonomi innanfor ditt ansvarsområde. Du skal bidra til forsvarlege tenester med god kvalitet, innanfor gjeldande lovverk, vedtak og økonomiske rammer, og vere ein del av leiarfellesskapet i helse og omsorg.Fyresdal kommune er i ein omstillingsprosess i helse- og omsorgssektoren med utgangspunkt i eit politisk mandat. Den som blir tilsett, vil få ei aktiv rolle i dette arbeidet. Omstillingsprosessen kan føre til endringar i organisering, ansvarsområde og oppgåveportefølje.Stillinga rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.