About this role
Vi søkjer ein engasjert og påliteleg reinhaldar i 100 % fast stilling i Fyresdal kommune. Reinhaldstenesta har ei viktig rolle i å skape reine, trygge og trivelege bygg for alle som brukar dei. Som reinhaldar hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø der kvalitet, samarbeid og god service står sentralt. Arbeidskvardagen er variert, og arbeidet vil i hovudsak vere knytt til reinhald i kommunale bygg. Det kan vere skule, barnehage, helse- og omsorgsbygg, idretts- og symjehall, kulturbygg og administrasjonsbygg. Vi ser etter deg som tek ansvar for eige arbeid, ser kva som må gjerast, og ønskjer å bidra positivt både fagleg og sosialt i reinhaldstenesta.