Now hiring

Lærar @ Bergen kommune

Indre ArnaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skulen har ca. 470 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I januar 2026 flytta vi inn i ny skule med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga , er fleksible og utviklingsorientert. I tillegg har skulen ei nyoppretta forsterka avdeling (STOLT).Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid.Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar.Garnes ungdomsskule har ledig:1 vikariat i 75% med faga programmering, kunst og handverk og norsk ut dette skuleåret 2026-2026. Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg.I faga norsk, matematikk og engelsk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng. Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores