About this role
Skopi-urologi-operasjonspoliklinikk har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar i 6 mnd, med moglighet for forlenging. Om stillinga: Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagfelt. Denne stillinga innebærer å jobbe med fleire kirurgiske fagfelt, melom anna urologi, kirurgisk gastro, endokrin, bryst, kar, generell- og plastikkirurgi. Arbeidet er sjølvstendig og variert, samtidig som du samarbeider tett med legar og andre faggrupper. Du får ein arbeidskvardag med stor fagleg breidde og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din innan fleire spennande fagområde. Om poliklinikken Vi er ein stor poliklinikk med 22 tilsette og har eit breitt samansett fagmiljø. Hos oss arbeider mellom anna uroterapeutar, stomi- og kontinenssjukepleiarar, gastrosjukepleiarar, sjukepleiarar, operasjonssjukepleiar og fedmekoordinator. Arbeidstida vår er kl 08:00 - 15:30.I tillegg til dei kirurgiske fagområda driv vi med medisinske skopiar og assisterer ved ortopediske operasjonar. Vi har også ansvar for kvilesona, eit nyetablert tilbod for pasientar i Helse Førde. Hos oss blir du del av eit aktivt og engasjert fagmiljø der du får moglegheit til å lære mykje og utvikle deg fagleg på tvers av ulike spesialområde. Kven ser vi etter?Trivst du med ein variert arbeidskvardag, høgt tempo og sjølvstendig arbeid – samtidig som du set pris på godt samarbeid og eit kjekt arbeidsmiljø? Då håpar vi du vil søkje hos oss!Ta gjerne kontakt for ein uformell prat dersom du ønskjer å vite meir om stillinga.Velkommen til Helse Førde.