Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Giske barnehage - vikariat @ Giske kommune, Giske barnehage

GISKEOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Giske barnehage har ledig vikariat i 53,33 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar / assistent frå snarast og ut barnehageåret 2026/27. Barnehagen har fire avdelingar med 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor. Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar. I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.Det er krav om politiattest av ny dato.Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores