Now hiring

Fagansvarleg @ Nav

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert fagansvarleg til avdeling arbeidsavklaringspengar. Stillinga er delt mellom fagansvar (50 %) og sakshandsaming og klage (50 %), og er ei sentral rolle i både fagutvikling og brukaroppfølging. Du vert ein del av ei avdeling med 15 tilsette med ansvar for sakshandsaming av arbeidsavklaringspengar (AAP) der kvalitet, faglege vurderingar og effektiv sakshandsaming står sentralt. Avdelinga har ansvar for sakshandsaming av søknader omarbeidsavklaringspengar frå heile Bergen. Du vil difor ha ein sentral rolle i å utvikle godt samarbeid med andre einingar for å sikre heilskaplege og effektive prosessar.Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Vi held til i moderne kontorlokale med utsikt over Store Lungegaardsvann, nært bybanen, og har over 300 engasjerte tilsette. Hos oss møter du kollegaer med ulik bakgrunn og kompetanse, sterke fagmiljø og eit arbeidsfellesskap som er oppteke av læring, samarbeid og utvikling. Saman jobbar vi for å løyse eit viktig samfunnsoppdrag og gjere ein forskjell for menneske og samfunn.Hjå oss får du moglegheita til å bidra til kvalitet og utvikling av eit viktig fagområde i Nav, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores