About this role
Vil du vere med på å forme framtidas psykiske helsetenester for barn og unge?Avdeling for helsefremjande og førebyggjande arbeid i Midt-Telemark kommune omfattar Ung Arena, Rask psykisk helsehjelp, samt helsestasjon, skulehelseteneste og jordmorteneste. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk psykolog som ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje tilbodet til barn, ungdom (13-20 år) og familiar gjennom tidleg innsats, helsefremjande arbeid og tverrfagleg samarbeid. Det vil vere tett samarbeid med leier, øvrige i avdelinga og relevante andre innanfor oppvekst og helse i kommunen. Som psykolog ved Ung Arena får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit lågterskeltilbod for barn og unge, der samskaping, medverknad og samarbeid står sentralt.