Now hiring

To faste stillingar som rådgivar/seniorrådgivar @ MILJØDIREKTORATET OSLO

NO081, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vi søkjer: ein rådgivar/seniorrådgivar ein seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar for eit team på sju personar Om stillingane Vi har to ledige stillingar i seksjon for klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid ( Klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (KOL) - miljodirektoratet.no ) Oppgåva vår er å fremje menneskes helse og trivsel, og verne vegetasjon og økosystem mot luftforureining. Stillingane er knytt til arbeid med utandørs luftkvalitet, der forureininga kan vere langtransportert eller ha lokale kjelder. Ei av stillingane inneber ansvaret som fagkoordinator. Eit team på sju personar jobbar mellom anna med å følgje opp forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet, under dette oppfølging og rettleiing av kommunar. Vi jobbar også med å ta inn EUs nye luftkvalitetdirektiv i norsk rett. Vidare jobbar vi med langtransportert luftforureining, der Noreg er i ferd med å implementere EUs utsleppstak-direktiv (NEC-direktivet). Vi leier Luftsamarbeidet ( Luftsamarbeidet og tenester for luftkvalitet - miljodirektoratet.no ), eit statleg samarbeid beståande av fem statlege aktørar som leverer mellom anna digitale tenester for luftkvalitet. Vi har også ansvar for eit IT-system for luftmålingar. Teamet blir leidd av ein koordinator som mellom anna skal bidra til fordeling av oppgåver i teamet og strategisk utvikling av fagområdet. Vi er ein av sju seksjonar i klimaavdelinga ( Klimaavdelingen (KAL) - miljodirektoratet.no ). Seksjonen har ansvar for mellom anna arbeid med utandørs luftkvalitet og støy, klimagassutslepp i kommunane, fluorhaldige klimagassar, FNs klimapanel, kortlevde klimadrivarar, atmosfæreovervaking, og dessutan koordinering av arbeidet til avdelinga mot statsforvaltaren og med forsking og utvikling. Vi er 23 dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer som gler oss til å ønskje nye kollegaer velkommen. Kontorstad er Helsfyr i Oslo. Kva rolle passar deg? Begge stillingane arbeider innanfor det same fagområdet. Rådgivar/seniorrådgivar Stillinga passar for deg som ønskjer å arbeide fagleg med luftkvalitet, regelverk, rettleiing, utgreiingar og samarbeid med kommunar, departement og andre aktørar. Seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar I denne stillinga skal du i tillegg koordinere og prioritere arbeidet til teamet, følgje opp framdrift og bidra til strategisk utvikling av fagområdet i tett samarbeid med seksjonsleiar. Rolla inneber ikkje personalansvar. Stillinga sine hovudansvarsområde Oppgåvene blir fordelte ut frå kompetansen til medarbeidarane, erfaring, interesser og kapasitet. Du vil mellom anna: rettleie kommunar om regelverket for luftkvalitet utvikle og følgje opp nasjonalt og internasjonalt regelverk, mellom anna EUs luftkvalitet- og utsleppstakdirektiv gi råd til og levere på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet greie ut tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp arbeid med saksbehandling, anskaffingar og kontraktsoppfølging arrangere møteplassar og konferansar arbeid med kommunikasjon og formidling samarbeide med forskingsmiljø, forvaltninga og andre sektorstyresmakter bidra i andre oppgåver innanfor seksjonens og Miljødirektoratets ansvarsområde Stillinga med fagkoordinatoransvar inneber i tillegg å fordele og prioritere oppgåver, følgje opp framdrift og kvalitet i leveransane og bidra til avklaringar om oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Oppgåvene blir løyste både sjølvstendig, i team og på tvers av Miljødirektoratet. Du må kunne sjå heilskapen og samanhengane, samtidig som du har sans for detaljar. Det kan også vere aktuelt å leie eller delta i drifts- og utviklingsoppgåver. Kompetansekrav Kvalifikasjonar Du har kunnskap om eller interesse for utslepp til luft, utsleppskjelder og tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp. Du liker å halde deg fagleg oppdatert og ha overblikk. Utdanning Relevant utdanning på masternivå. Solid, relevant erfaring og bachelorgrad innan eit relevant fagområde kan kompensere for masterutdanning. Kompetanse innan naturvitskap, teknologi, juss, samfunnsfag eller helsefag er relevant. Tverrfagleg bakgrunn er også interessant. Anna erfaring og kompetanse Det er ein fordel om du har: erfaring frå offentleg forvaltning erfaring med nasjonalt eller internasjonalt regelverk og relevante internasjonale prosessar kunnskap om kommunesektoren interesse for myndigheitsoppgåver og saksbehandling gode digitale ferdigheiter god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk For stillinga med fagkoordinatoransvar er det ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing eller anna koordineringsarbeid i forvaltninga. Eigenskapar Vi ser etter deg som: arbeider tverrfagleg og ser heilskapen på tvers av sektorar og fagområde har god rolle- og forvaltningsforståing er analytisk, tek initiativ og ser nye løysingar og moglegheiter er interessert i klima og miljø, politiske prosessar og samfunnsutvikling arbeider sjølvstendig, nøyaktig og systematisk samarbeider godt og har god gjennomføringsevne Vi tilbyr Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn frå kr. 600 000,- til kr. 900 000,- avhengige av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. utfordrande arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling eit godt arbeidsmiljø med sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida fleksibel arbeidstid pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse Har du spørsmål? Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Camilla Schreiner. Dersom du har spørsmål om stillinga, kan ho kontaktast på e-post: [email protected]. Oppgi referansenummer 76-2026 KOL når du tek kontakt. Generelle opplysningar Du søkjer på stillinga via Jobbnorge.no. Der svarer du på norsk på spørsmål knytte til interessa og kompetansen din for stillinga. Du skal ikkje skrive ein tradisjonell søknad. Vitnemål for utdanning teke i Noreg må lastast opp frå Vitnemålsportalen, medan relevante attestar og vitnemål for utdanning teke i utlandet må leggjast ved. Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Ønskjer du unntak frå den offentlege søkjarlista, så må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar minst inn éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Meir informasjon om korleis vi behandlar opplysningar om deg finn du i personvernerklæringa vår (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/). Om arbeidsgiveren: Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagde Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) lokalkontora sine. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar spreidd over heile landet. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte har vi behov for medarbeidarar i alle aldrar, med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, så oppmodar vi deg til å søkje!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores