About this role
Har du engasjement for å arbeide med menneske og ønskjer ei meiningsfull deltidsstilling? Vi har no fleire ledige stillingar og søkjer etter trygge, positive og omsorgsfulle medarbeidarar til vårt team. Student? Vi oppfordrar særleg studentar innan helse, sosialfag, pedagogikk eller andre relevante studium til å søkje. Stillingane kan kombinerast med studiar og gir verdifull erfaring frå arbeid med menneske. Arbeidsoppgåver Avlastning for ungdom Vi har ledig: 2 faste helgestillingar på 16 %, ei stilling med nattevakter og ei stilling med kveld og dag Arbeid 4. kvar helg Stillingane inneber oppfølging og aktivitetar med ungdom. Vi søkjer deg som er trygg, ansvarsfull og oppteken av å skape gode opplevingar og relasjonar. BPA-team (Brukarstyrt personleg assistanse) Vi har ledig: 1 fast helgestilling på om lag 17 %, arbeid 3. kvar helg 1 vikariat i 50 % stilling, hovudsakleg nattevakter Som BPA-assistent bidreg du til at brukar kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå brukar sine behov og ønskje, og inneber alt frå personleg stell, matlaging og husstell til sosiale aktivitetar. Kvalifikasjonar Helsefagarbeidar eller andre med høgare utdanning innan helse er ønskeleg til BPA-teamet, men ikkje eit krav i avlastning Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav Gode kommunikasjons og samarbeidsevner Førerkort klasse B er nødvendig, og du må vere villig til å køyre bil for rullestol, med manuelt gir. Personleg eignaheit vil bli særleg lagt vekt på Personlege eigenskaper Kven ser vi etter? Du er påliteleg og ansvarleg Du har gode samarbeidsevner Du er fleksibel og arbeidsvillig Du er tålmodig Du er sjølvstendig, løysingsorientert, og kan initiativ til å sjå kva som må gjerast i heimen Du trivst med å arbeide med menneske Politiattest: Den som vert tilsett må før tiltreding leggje fram tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Dette er eit krav fordi stillingane inneber arbeid med barn, ungdom og personar med hjelpebehov, og skal bidra til å sikre eit trygt og forsvarleg tilbod. Vi tilbyr Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver Rettleiing og naudsynt opplæring Triveleg arbeidsmiljø Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen. Vi kan hjelpe til å finne bustad Gratis SFO Barnehageplass KontaktinformasjonLaila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847 ArbeidsstedBordalsbakken 10 4540 Åseral Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Åseral kommune Referansenr.: 5172144334 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 11.09.2026 Om arbeidsgiveren: Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.