Now hiring

Lærar/undervisningsstilling - 100% vikariat - Hordabø skule @ HORDABØ SKULE

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Det blir ledig mellombels undervisningsstilling ved Hordabø skule i Alver kommune frå snarast og fram til 31.12.2026 - Stillinga kan bli forlenga. Du kan lese meir om skulen her. Om Hordabø skule Hordabø skule ligg i Bøvågen, nord på Radøy. Me har i dag rundt 125 elevar og 25 tilsette. Me har gode uteområde som legg til rette for læring gjennom leik og aktivitet. Skulen har fokus på å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar. I tillegg til læringsmiljøarbeidet er språk, lesing og skriving eitt av våre satsingsområde. Hordabø skule er nærskule til Radøytunet mottakssenter, me har difor elevar frå mange ulike nasjonalitetar. Dette gjev eit rikt og mangfaldig skulemiljø der me legg vekt på inkludering, respekt og fellesskap. Arbeidsoppgåver planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med gjeldande læreplanar systematisk samarbeid med kollegaer og leiing om elevane si læring og utvikling aktiv deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid skape trygge og gode læringsarenaer der alle elevane er inkluderte Kvalifikasjonskrav Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange Tett fagleg samarbeid mellom kollegaer Oppfølging og rettleiing Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar og sjølvstende. God pensjonsordning i Statens pensjonskasse Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Politiattest I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede Om arbeidsgiveren: Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores