About this role
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner. Det er to ledige 100 % stillingar som barnevernskonsulent Den eine er ei fast stilling, den andre er eit svangerskapsvikariat. Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillinga! Vi ber om at søkjar oppgir om ein søker på ei eller begge stillingane. Arbeidsoppgåver Sakshandsaming etter barnevernslova Tverrfagleg samarbeid Sakshandsaming for nemnd og rett Deltaking i fagleg utviklingsarbeid Samarbeide i team Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast Kvalifikasjonar Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter Ønskeleg med relevant vidareutdanning Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på Førarkort klasse B God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne Gode datakunnskapar Godkjent politiattest må leverast før tilsetting Vitnemål og eventuelle attestar skal ligge ved søknaden i Webcruiter Personlege eigenskapar God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert Gode analytiske evner Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles Vi tilbyr Løn etter avtale Systematisk opplæring og rettleiing Fleksitid Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom Inkluderande arbeidslivsverksemd God pensjonsordning KontaktinformasjonAina Øyehaug Opsvik, 40092789 Torill Osborg Vinjevoll, 48148857 ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5177838717 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Søknadsfrist: 23.09.2026 Om arbeidsgiveren: Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! Fleire ledige stillingar i Volda kommune