Now hiring

Vernepleiar @ SENTRALADMINISTRASJON SOGNDAL

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk, samt funksjonsnedsetjing. Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar. Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter. Vi har ledig ei 100 % fast stilling med døgnvakt som vernepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp pr i dag til arbeid i turnus 2-7-2-7-3-7, med vakter 4. kvar helg. Turnus kan bli endra. Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett. Me oppmodar menn til å søkje. Arbeidsoppgåver og ansvar: . Planlegge og gjennomføre rehabiliterande og målretta miljøterapeutiske tiltak · Praktisk bistand i daglege oppgåver og oppgåver knytt til drift av avdelinga · Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta · Medikamenthandtering · Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk . Koordinatoransvar/ primærkontaktrolle Kvalifikasjonar: . Autorisert vernepleiar . Erfaring frå turnusarbeid og døgnvakter vil vere ein fordel · Erfaring frå arbeid evt. vidareutdanning innan habilitering/ miljøarbeid · Førarkort klasse B · Gode norsk kunnskapar · Politiattest av nyare dato ved tilsetting Personlege eigenskapar: · Evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig · Ha god relasjonskompetanse og samarbeidsevner · Er fleksibel, audmjuk, tolmodig og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar · Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø. Me tilbyr: · Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging · Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar · Eit godt arbeidsmiljø · Gode pensjons- og forsikringsordningar · Gode velferdsordningar · Løn etter tariffavtale Kommunen vår er omfatta av den nasjonale distriktsordninga til Lånekassen, som betyr at du kan få sletta inntil 25 000 kr av studielånet ditt kvart år ved å bu og jobbe i kommunen vår. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores