About this role
Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår. Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi Må meistre norsk skriftleg og munnleg Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office) Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem Personlege eigenskapar Pasientorientert Ansvarsbevisst Beslutningsdyktig Fleksibel Engasjert Bidra til eit godt arbeidsmiljø Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift. LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag. Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00 I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800 ArbeidsstadHagaviksbakken 25 5217 Hagavik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5175345653 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.