Now hiring

Inkluderingspedagog Hjelmelandsbarnehagen 100 % prosjektstilling @ HJELMELAND BARNEHAGE

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Me søkjer etter ein engasjert barnehagelærar som trivst i det pedagogiske arbeidet med barna på avdelingane, og som vil bruke kompetansen sin i ein stilling som inkluderingspedagog. Stillinga er ei 100 % prosjektstilling i Hjelmelandsbarnehagen. Dette inneber at ein jobbar i alle barnehagane i kommunen som inkluderingspedagog, men har ein av barnehagane som “base”. I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar; Hjelmeland, Fister og Årdal. Inkluderingspedagogen vil vere ein nøkkelperson i utviklinga av ein heilskapleg og inkluderande barnehagepraksis. Fokus vil vere på det praktiske og faglege arbeidet i barnehagen, mellom anna å integrere spesialpedagogisk hjelp i barna sine kvardagsaktivitetar og styrke den allmennpedagogiske kompetansen i barnehagen. Du vil jobbe tett med dei tilsette i barnehagen for å sikre at barn med ulike behov får støtte innanfor fellesskapet. Arbeidsoppgåver: utøve pedagogisk arbeid i avdelingane, og vere ein rollemodell i praksis rettleie og styrke barnehagen sine tilsette i inkluderande praksis og tidleg innsats sikre at spesialpedagogiske tiltak vert integrert i det allmennpedagogiske arbeidet og i barna sine naturlege læringssituasjonar jobbe systematisk med pedagogisk analyse for å identifisere og følge opp behov i barnegruppene samarbeide tett med PPT og andre relevante instansar, for å sikre heilskapleg oppfølging av barn med spesialpedagogiske behov bidra til utvikling av barnehagen sin kompetanse, innan område som m.a. språk, åtferdsregulering og psykososialt miljø vere ein ressurs i samtalar med føresette Personlege eigenskapar: Me vil vektlegge høgt at du er personleg eigna. Me ser etter deg som: har engasjement for inkluderande praksis i barnehagen har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team med barnehagetilsette og eksterne fagpersonar er sjølvstendig, strukturert og fleksibel, med evne til å drive utviklingsprosessar trivst med modellering, rettleiing og kompetanseheving av personalet i barnehagen Kvalifikasjonar: godkjent barnehagelærarutdanning eller annan likeverdig utdanning, jamfør barnehagelova § 25 gode norskspråklege kunnskapar, skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova § 27 og § 28 kompetanse innan rettleiing og/eller spesialpedagogikk kan verte vektlagt erfaring med inkluderande praksis, systemarbeid, pedagogisk analyse og tilrettelegging kan vere ein fordel Varigheit på stillinga: 1 år (kalenderåret 2027), med moglegheit for forlenging. Me tilbyr: løn etter gjeldande avtaleverk pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale barnehagar som er engasjerte i pedagogisk utviklingsarbeid gode kollegaer og godt arbeidsmiljø kompetanseutvikling for alle tilsette ulike rekrutteringstiltak , m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me som hovudregel redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling. Hjelmeland kommune er oppteken av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, kulturskule, brann og redning. Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her . Det er viktig for vidare handsaming av søknaden din at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggje ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunen si heimeside . Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores