About this role
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er eit av dei største hotella på Vestlandet, sentralt plassert i Førde. Med 249 rom, stor konferanse- og arrangementsverksemd, restaurant, bar, spa og Larris Scene, har vi ein variert og aktiv kvardag gjennom heile året. Kjøkkenet er ein sentral del av hotellopplevinga vår, med alt frå frukost og à la carte til bankettar, konferansar og større arrangement. Vi ser etter ein kjøkkensjef som ønsker å leie og utvikle både menneske, matkonsept og drift, og som trivst i eit miljø med høgt tempo, store variasjonar og mange moglegheiter. Mat og drikke er ein viktig del av hotellopphaldet, og kvar dag jobbar kollegaene våre på kjøkkenet saman for å skape gode matopplevingar for gjestene våre. Hovudoppgåva til kjøkkensjefen er å sørgje for at både gjester og medarbeidarar trivst, samtidig som vi skaper gode resultat og lønsam drift. Kjøkkensjefen har det overordna drifts- og leiaransvaret for kjøkken og anretning. Dette omfattar mellom anna: • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring og utvikling av medarbeidarar • Ansvar for den daglege drifta av avdelinga og avgjerdene som blir tekne • Budsjett- og resultatansvar, inkludert timestyring, kostnadskontroll og bruttoforteneste • Ansvar for kvaliteten på kjøkkenet, inkludert opplæring og oppfølging av kvalitetsstandardar og Scandic sine mat- og drikkekonsept • Ansvar for IK-mat, reinhald og tryggleik • Menyutvikling og innkjøp i tråd med Scandic sin leverandørpolicy • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid både på kjøkkenet og på tvers av avdelingane • Følgje rutinar for økologiske og kravmerkte produkt og kjeldesortering • Bidra aktivt til å redusere matsvinn • Sikre at gjeldande lover og forskrifter innan helse, miljø og tryggleik blir følgde Dine kvalifikasjonar som vi ønskjer oss: • Erfaring frå liknande stilling, helst frå større hotellkjøkken • Fagbrev som kokk • Leiarerfaring • Må kunne minst eitt skandinavisk språk flytande • God økonomiforståing Vi ser etter deg som er ein erfaren og trygg leiar, og som evnar å motivere og inspirere medarbeidarane våre. Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både i eiga avdeling og på tvers av avdelingane. Du er serviceinnstilt og trivst i vertskapsrolla. Du er oppteken av resultat og har eit bevisst forhold til økonomi i alle delar av drifta. Samstundes er du fagleg dyktig og har eit sterkt fokus på å levere høg kvalitet. For den rette personen tilbyr vi ved Scandic Sunnfjord Hotel & Spa ei spennande og variert stilling som kjøkkensjef i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du blir ein del av eit godt team. Kjøkkensjefen inngår i leiargruppa ved hotellet og rapporterer til hotelldirektøren. Vi verdset mangfald og inkludering på arbeidsplassen vår, og er interesserte i å lære meir om dine behov og eventuelle tilretteleggingar som kan hjelpe deg med å lukkast i rolla. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av funksjonsnivå eller bakgrunn. Om arbeidsgiveren: Alt starter med deg. Å jobbe på et av våre hoteller betyr å være en del av et team der omtanke, samarbeid og små øyeblikk i hverdagen gjør en forskjell. Du er med på å skape den varme, hjemmekoselig følelsen som kjennetegner Scandic – ved å være til stede, her og nå, og la detaljene telle. Noen dager går fort, andre er mer forutsigbare – ingen dager er helt like. Men det som alltid består, er lagånden. Dere stiller opp for hverandre, løser ting når de oppstår og er stolte av å levere kvalitet – selv når tempoet er høyt. Og når dere gjør det, vil gjestene ikke bare nyte oppholdet – de får lyst til å komme tilbake. Slik jobber vi i Scandic Vi er på vårt beste når vi jobber sammen – på tvers av roller, hoteller og team – og fokuserer på det som virkelig gjør en forskjell i hverdagen. Våre verdier veileder oss i hvordan vi møter hverandre og hvordan vi leverer: Be Pro, Be Bold, Be Caring og Be You. Hvis du mener at ekte gjestfrihet skapes gjennom samarbeid, jevn kvalitet og små øyeblikk gjort godt, vil du føle deg hjemme hos oss.