Now hiring

ALIS / Spesialist i allmennmedisin @ SYKKYLVEN KOMMUNE LEGESENTER

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

VIKARIAT SOM FASTLEGE Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune. Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting. Vi har ledig eit vikariat frå desember 2026 100% spesialist i allmennmedisin/ALIS Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legeheimlar og LIS 1 lege. Eit team med dyktige legar og eit erfarent hjelpepersonell. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune som omfattar 3 fast tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg. Legesenteret og legevakta er lokalisert i nye lokaler i Sykkylven Helsehus saman med heimebasert omsorg og psykisk helse og rus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar og einingar i kommunen. Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Sykkylven, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget. Arbeidsoppgåver Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid inntil 7,5 timar per veke Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane Deltakelse i helsestasjonarbeid Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS Kvalifikasjonar Har norsk autorisasjon som lege Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt. Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå) Personlege eigenskapar Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon Du har evne til utvikling og nytenking Løsningsorientert og endringsvillig Du er fleksibel Personlig egnaheit vektleggas Vi tilbyr Godt arbeidsmiljø God kollegial støtte og samarbeid Dyktig hjelpepersonell Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd Næringsdrift/kommunal tilsetting Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg Lønn etter avtale Nytt og framtidsretta lokale Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, [email protected] ArbeidsstadAuregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5172041825 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.09.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores