Now hiring

Trafikkleiar Førde @ TRANSFERD AS AVD FØRDE

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å vere med å utvikle og styre den daglege drifta i lag med eit godt team? Vi søker trafikkleiar i 100% stilling ved avdelinga i Førde. Tiltreding etter avtale. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn. Send inn CV og ein kort introduksjon av deg sjølv. Om stillinga: Arbeidsoppgåver vil bl.a. vere: Oppfølging og planlegging av transportoppdrag Oppfølging av kundar og sjåførar Fakturering Jobbe i team med ansvar for dine eigne områder Kvalifikasjonar: Grunnleggande datakunnskapar Må beherske norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar: Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar Du er beslutningsdyktig og løysingsorientert Du samarbeider godt med andre Du har stort engasjement og stå- på- vilje Vi tilbyr: Ein spennande jobb innan transport og logistikk Eit godt arbeidsmiljø Ordna arbeids- og lønnsforhold Tariffbedrift med gode pensjons- og forsikringsordningar Bedriftshelseteneste Gode utviklingsmulegheiter Om arbeidsgiveren: Transferd AS er eit transport- og logistikkselskap som tilbyr tenester innan eit vidt spekter av transportområde. Vi utfører transporttenester både lokalt, regionalt og nasjonalt. Selskapet har 120 tilsette og hadde i 2025 ein omsetnad på 250 millionar. Transferd er medeigar i Vest Dyretransport AS. Vi er lokalisert i Førde, Kaupanger og Stryn. Transferd er ein del av Firda Billag gruppa. Hovudkontoret ligg i Førde. Firda Billag AS starta i 1920 og har sidan den gong blitt ein tilbydar av buss, gods og logistikk, leigebil og verkstadtenester.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores