About this role
Er du vår nye kollega? Me søkjer etter sjukepleiar til 100 % vikariat i Kvam heimeteneste Som sjukepleiar hos oss vil du gje fagleg oppfølging og sjukepleie til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad Stillinga er ledig frå oktober og for tida i turnus med arbeidshelg kvar 3. helg Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. Arbeidsoppgåver Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam. Sjukepleiebistand inn i omsorgsbustad. Oppfølgjing etter førespurnad frå responssenteret Elektronisk dialog og kontakt med fastlegar/sjukehus/spesialisthelseteneste Organisering og handtering av tiltaksplanar for oppfølgjing av heimebuande Utføring av medisinske prosedyrar etter vedtak Administrasjonsoppgåver knytt til legemiddelhandtering Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Du må kunne arbeida sjølvstendig Må ha førarkort klasse B Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: er fleksibel, løysningsorientert og tek ansvar kan samarbeide med kollegaer og samarbeidspartnarar møter andre på ein respektfull og open måte deler og aukar kunnskap er open for endringar kan nytte digitale verktøy Vi tilbyr Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990 ArbeidsstadAldehagevegen 42 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5178388174 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 24.09.2026 Om arbeidsgiveren: Oppdag Kvam - framtida er her! Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak. Naturopplevingar og aktivitetar Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold. Ein kommune for framtida Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. Eit variert næringsliv Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir