Now hiring

Sjukepleiarar @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus: 2 x 100 % fast stilling, oppstart etter avtale 1 x 50 % fast stilling, oppstart etter avtale 1 x 100 % årsvikariat, oppstart etter avtale Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle. Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026. Arbeidstid Stillinga inngår i 3-delt turnus. Arbeid kvar tredje helg. Om avdelinga Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det. Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg. Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving. Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan: traumatologi handkirurgi skulderkirurgi protesekirurgi – hofte, kne, skulder fotkirurgi ryggkirurgi Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø. Førde - Sunnfjord kommune Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst. Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune Arbeidsoppgåver Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter Du har gruppeleiarfunksjon ved behov Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Relevant sjukehuserfaring Personlege eigenskapar Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5178549225 Stillingsprosent: 100, 50% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 27.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores