Now hiring

Rådgivar @ UTDANNINGSFORBUNDET VESTLAND

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og bidra til at Utdanningsforbundet Vestland har gode rammer for å løyse samfunnsoppdraget sitt? Vi søkjer no ein engasjert rådgivar som vil vere med på å utvikle og støtte arbeidet ved fylkeskontoret. Som rådgivar vil du få ei variert rolle med oppgåver innan drift, koordinering og utvikling av arbeidsprosessar og rutinar. Du blir ein viktig støttespelar for både tilsette og politisk valde, og bidreg til at fylkeslaget fungerer på ein effektiv og god måte. Hos oss får du arbeide i eit spennande og dynamisk miljø med varierte arbeidsoppgåver, høg grad av samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Noko reiseverksemd må påreknast. Fylkeskontoret har åtte tilsette og 19 politisk valde organisasjonstillitsvalde. I Vestland er vi til stades både i Bergen og Førde, og du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer som er opptekne av å skape gode resultat saman. Nynorsk er målform i fylkeslaget og arbeidssted vil være Bergen eller Førde. Arbeidsoppgåver Du skal blant anna: Vere rådgivar for fylkeslaget, lokallag og medlemmer i saker som gjeld lønns- og arbeidsvilkår, rettsvilkår, pensjon, trygd og spørsmål knytte til lovverket Bidra i arbeid med digital utvikling og forbetring av system Bidra ved forhandlingar i ulike tariffområde, særleg knytt til berekningar Bidra i arbeid med medier og kommunikasjon Ansvar for tekniske løysingar på kontoret og i underliggande ledd. Bidra i skolering av tillitsvalde og medlemmer Ta del i dei løpande oppgåvene ved fylkeskontoret Merk at noko reiseverksemd må påreknast Kvalifikasjoner Relevant høgare utdanning, gjerne lærarutdanning Gjerne formell kompetanse innan IKT Forhandlingskompetanse Gjerne rettleiingskompetanse Lov- og avtaleverk som gjeld innanfor områda til Utdanningsforbundet. Ønskjeleg med organisasjonserfaring. Stillinga krev god kompetanse innan IKT-system, erfaring med publisering på nettsider og avanserte ferdigheiter i Excel. Erfaring med bruk av Excel som verktøy i lønnsforhandlingar og analysearbeid vil bli vektlagd. Personlige egenskaper Vi ser etter deg som har: Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert God skriftleg og munnleg framstillingsevne Evne til å jobbe strategisk og ta initiativ Vi tilbyr Hos oss får du: Arbeide saman med dyktige kollegaer, delta på faglege arenaer og få fridom til å ta ansvar og påverke din eigen arbeidskvardag. Vere ein del av eit godt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø, òg i periodar med høgt tempo. Utvikle kompetansen din gjennom kurs, seminar og læringsarenaer som gir moglegheit for både fagleg og personleg vekst. Gode lønns- og arbeidsvilkår, ei solid pensjons- og forsikringsordning, tid til trening i arbeidstida og ekstra fridagar i jul og påske. KontaktinformasjonElin Haugsvær Gravdal, Personalleiar, +47 45473823 ArbeidsstedStrandgt 198 5004 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Utdanningsforbundet Referansenr.: 5177852533 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026 Om arbeidsgiveren: Utdanningsforbundet er eitt av Noregs største fagforbund og har fleire enn 190 000 medlemmer frå alle delar av utdanningsfeltet – frå barnehage til universitet og høgskule. Utdanningsforbundet arbeider for å betre medlemmene sine lønns- og arbeidsvilkår og for å heve kvaliteten i utdanninga. Utdanningsforbundet er tilslutta hovudorganisasjonen Unio. Utdanningsforbundet har om lag 200 tilsette i det sentrale sekretariatet, og i tillegg 15 fylkessekretariat med vel 65 tilsette. Utdanningsforbundet Vestland har 23 000 medlemmer. Fylkeslaget har 10 tilsette og det er to tilsette i Bergen lokallag, i tilleggt til19 frikjøpte tillitsvalde.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores