Now hiring

Veg @ ØYGARDEN KOMMUNE EIGEDOM, DRIFT OG VEDLIKEHALD

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga Transporttenesta i Øygarden Kommune utfører køyreoppdrag i heile kommunen. Vi køyrer brukare til og frå ulike dagtilbod innanfor tidsrommet 06.00-17.00 måndag til og med fredag. Bussane har 16 + 1 seter med heis for rullestolbrukar Oppmøte- og stoppestad er: Austre Sundvegen 25, Skogsvåg. Arbeidsoppgåver: Medverka til planlegging av køyreruter Køyre brukare til og frå ulike dagtilbod Klargjering av bussar Kvalifikasjonar: Må ha: Førarkort klasse D1 (minibuss) YSK- persontransport Køyreseddel for persontransport Sjåførkort for fartsskrivar Meistre norsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar: Imøtekomande og vennleg Tolmodig og ansvarsbevisst Gode samarbeidseigenskapar Fleksibel og trivs i eit hektisk miljø Anna: Det blir gitt full opplæring på alle køyreruter. Vi har og utlyst ein 100% fast sjåførstilling, for meir info sjå utlysing: Øygarden kommune - Sjåfør 100% fast stilling Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Kontakt: Merete-Helen Folkestad Transportkoordinator Mobil: 90068116 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores