About this role
Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar? Ynskjer du å bidra til at barn får ein god start på livet? Har du barnet i fokus, er kreativ, har stort pågangsmot og samarbeida godt? Då har du ein unik moglegheit! Ein av pedagogane vår går ut i permisjon. Rones barnehage søkjer derfor snarleg pedagog i 100% vikariat ut barnehageåret. Kva vil du gjere hos oss? Skape trygge, gode og utviklande dagar for barna Planleggje og gjennomføre pedagogiske aktivitetar Vere ein aktiv og tilstedeverande vaksen i leik og samspel Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette Vere med og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen Kven er du? Du er utdanna barnehagelærar, eller har anna relevant utdanning Du er engasjert, varm og tilstadeverande Du likar å vere aktiv saman med barna - både ute og inne Du samarbeidar godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Du er kreativ, nysgjerrig og likar varierte dagar Me tilbyr: Lønns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff Positivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar Ein barnehage med særpreg Støtte til medlemskap på treningssenter Søknadsfrist: Snarast og innan 1.oktober 2026 Spørsmål rettast til dagleg leiar Ingrid Synnøve Fønnebø. Søknad med rettkjende kopier, vitnemål og attester sendast til: Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal eller e-post: [email protected] Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Om arbeidsgiveren: Rones Barnehage SA er ein 4-avdelings privat barnehage eigd av foreldre. Vi har fire avdelingar med plass til barn i alderen 1-6 år. Barnehagen er medlem av Private Barnehagers Landsforbund (PBL). Barnehagen ligg kun ein kort spasertur frå Sogndal sentrum. Tomta er solrik, med flott utsyn mot fjorden og fjella- med kort veg til flotte turmål i nærmiljøet.