Now hiring

Sør-Fron skule søkjer lærar @ SØR-FRON SKULE

NO020, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein engasjert lærar på jakt etter nye utfordringar? Vil du bli ein del av kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule? Vi har ledig ei 100 % mellombels lærarstilling ut skuleåret, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer først og fremst etter allmennlærarar og grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø og utøver tydeleg klasseleiing. Har du undervisningskompetanse i norsk på ungdomssteget, og formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk? Då kan du vere den vi leitar etter! Velkomen som søkjar til ein ny og framtidsretta skule der du får vere med og gjere ein forskjell for elevane kvar einaste dag. Hugs å leggje ved attestar og vitnemål saman med søknaden. Arbeidsoppgåver Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre. Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap. Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar. Kvalifikasjonar Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget. Formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine. Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt. Personlege eigenskapar Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing. Du er ein dyktig relasjonsbyggjar. Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi tilbyr Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med: Om lag 55 dyktige kollegaer. I overkant av 300 forventningsfulle elevar. Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek. Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette. KontaktinformasjonDan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, 48247994 Lisbeth Clausen, avdelingsleder, 97665350 ArbeidsstedGlasmestermoen 8 2647 Sør-Fron Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune Referansenr.: 5177178810 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 14.09.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026 Om arbeidsgiveren: null

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores